Prisbelønt masteroppgåve (III): Treng lavterskelkurs i innovative anskaffelsar

Anbud365: Prisbelønt masteroppgåve (III) Treng lavterskelkurs i innovative anskaffelsarFunn frå masteroppgåva til Kristoffer Aarsland Bakke indikerer at risikostyring er ei utfordring for å oppnå innovasjon. For ein bransje som kraftbransjen som har såpass mange interessentar og reguleringar, er det ikkje anna å vente enn at ein ønsker å halde seg til trygge og kjende løysningar heller enn det nye og ukjende, slår han fast i eit intervju med Anbud365, og legg til at dersom selskapa skal kunne hauste fruktene av innovasjonsgevinstane, må dei også finne måtar å handtere slik risiko på (foto: Hedda Hestholm).

Skriv ut artikkelen

– Vi ser at det no er spesifikk kompetanse, og ikkje lenger kapasitet og ressursar, som er flaskehalsen for gjennomføringa av innovative anskaffelsar. Kunne dette vore ein passande moglegheit for å rette merksemda mot behovet for lavterskelkurs innan dette temaet, spør Kristoffer Aarsland Bakke i eit intervju med Anbud365. Han er ein av vinnarane i tevlinga til Anskaffelsesakademiet i år om beste masteroppgåva.

Kristoffer er i dag rådgivar anskaffingar hos Lyse AS. Oppgåva hans ber overskrifta «Kor godt eigna er innovative offentlege anskaffingar for den norske kraftbransjen?». Mellom ti innkomne masteroppgåver i tevlinga nådde oppgåva delt annan plass -med ein premie på 10 000.

– Metoden om innovative anskaffelsar blir promotert nærmast som ei suksessoppskrift, men eg ville sjekke om denne oppskrifta også kunne gi verdi i bransjar som ikkje typisk er eigna for innovasjon, seier han. Dersom innovative anskaffelsar ikkje gir meirverdi i slike bransjar, ville det vore sløsing med samfunnet sine ressursar å drive med det i andre enn dei typisk innovative bransjane. Kraftbransjen, som blir sett på som ein svært konservativ bransje, blei dermed eit godt utgangspunkt for denne studien.

Kristoffer peikar óg på at kraftbransjen dessutan står overfor ei svært spennande tid, der dei skal investere i store utbyggingar på same tid som at dei får meir krevjande førehald enn nokon gong tidlegare, med meir uregulerbar kraft, meir ekstremvêr og høge krav til oppetid. Dermed er det ytterlegare aktuelt for kraftselskapa å finne nye og betre løysningar på arbeidsoppgåvene sine, og:

– Eg har vore såpass privilegert at eg har arbeidd i eit veldig spennande kraftkonsern mens eg har skrive oppgåva mi, og dermed er oppgåva prega av ein praktisk metode. I tillegg til ein gjennomgang i litteraturen og av gjennomførte anskaffelsar i Lyse-konsernet, har eg intervjua både oppdragsgivarsida og leverandørsida i den norske kraftbransjen.

–   Kvifor valde du dette temaet?

Til det svarar Kristoffer at valet av tema blei gjort etter gode innspel frå både vegleiar og kollegaer. Kriteria eg stilte på førehand var at oppgåva skulle vere til praktisk nytte, og at eg skulle kunne bidra med ny innsikt til eit fagområde. – Ein personleg bonus var at eg fekk dykke ned i eit fagområde som var nytt for min del, og at eg fekk lære om ein metodikk som eg trur vil bli stadig meir aktuell i tida framover, held han fram.

Samstundes var det fleire faktorar som klaffa godt for Kristoffer. Lyse-konsernet blei medlem av Leverandørutviklingsprogrammet (LUP) i løpet av skriveperioden hans, i tillegg til at dei sette innovative anskaffelsar inn som eit punkt i strategien sin.

– Kva konklusjonar frå oppgåva vil du trekkje fram?

– Sjølv om kraftbransjen har fått eit stempel som konservativ, viser det seg at det også i denne bransjen er potensial for å oppnå store gevinstar ved innovative anskaffelsar, slår han fast. Gevinstane kan dømesvis hentast i form av reduserte kostnader, auka effektivitet, feilreduksjon og gevinstar relatert til klima og miljø, og:

– Potensialet for innovasjon er til stades i delar av behovskategoriane i bransjen, og det er ingen tungtvegande barrierar som hindrar selskapa å kunne gjere innovative anskaffelsar. Det trengs likevel nokre tilpasningar for å oppnå innovasjonsgevinstane, og då særleg for oppdragsgivarsida.

Kristoffer lyfter fram at funn frå oppgåva indikerer at risikostyring er ei utfordring for å oppnå innovasjon. For ein bransje som har såpass mange interessentar og reguleringar, er det ikkje anna å vente enn at ein ønsker å halde seg til trygge og kjende løysningar heller enn det nye og ukjende. Dersom selskapa skal kunne hauste fruktene av innovasjonsgevinstane, må dei også finne måtar å handtere slik risiko på.

Leverandørane til denne bransjen framstår svært godt opplyste om dagens og framtidig utvikling i bransjen. – Derfor er det interessant og oppløftande at dei ser på innovasjon som ei nødvendigheit for å hevde seg i konkurranse med andre leverandørar, konstaterer han.

– Kva betydning vil du håpe at oppgåva kan få innanfor offentlege anskaffelsar?

– At det viser seg å vere eit betydeleg potensial for innovasjon sjølv i ein typisk konservativ bransje, er eit bevis på at ein kan finne nye og betre løysningar for dei fleste behov, peikar Kristoffer på. Oppgåva argumenterer riktig nok for at ein skal vere selektiv i kor ein skal rette innsatsen for innovative anskaffelsar, men at ein absolutt bør etterstrebe innovasjon der det er potensial for det.

Ei oppfordring som Kristoffer håper og trur at både oppdragsgivarane og leverandørane kan ta til seg, er rett og slett å bli flinkare til å snakke saman. – Vi har, seier han, eit regelverk som kan vere avskrekkande for alle og einkvar, og det viser seg at litt for mange held seg på den sikre sida for å unngå å trø feil. Resultatet blir at ein unngår å snakke med kvarandre, og då får ein heller ikkje presentert behov og løysningar til den andre parten. Vi er tjent med å ha regelmessige møtepunkt der ein kan snakke fritt – utanfor konkurransesituasjon!

– Vi ser at det no er spesifikk kompetanse, og ikkje lenger kapasitet og ressursar, som er flaskehalsen for gjennomføringa av innovative anskaffelsar. Kunne dette vore ein passande moglegheit for å rette merksemda mot behovet for lavterskelkurs innan dette temaet, spør han, og: – I Lyse-konsernet har vi allereie sett gode initiativ knytt til innovative anskaffelsar. Dette er ikkje som ein direkte konsekvens av oppgåva mi, men som eit resultat av enkeltpersonar sine gode idear. Eg håper at oppgåva mi kan bidra til å underbygge slike initiativ framover.

Bli den første til å kommentere på "Prisbelønt masteroppgåve (III): Treng lavterskelkurs i innovative anskaffelsar"

Legg inn kommentar

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.